Phillip Skogen

Massasjeterapeut, akupunktur, yogainstruktør

📧E-post: phillipskogen@gmail.com

☎️ Telefon: 950 26 700

🗂️Org. nummer: 879 671 442

Tilbud: Privat & Bedrift


Mange kjem til behandling fordi noko i livet har stivna – i kroppen, i pusten eller i måten ein møter seg sjølv og andre på. For meg handlar terapi først og fremst om å skape eit rom der det er mogleg å stoppe opp, kjenne etter og gradvis få meir kontakt med seg sjølv. I arbeidet mitt kombinerer eg samtale, kroppsterapi og ulike behandlingsformer som massasje, akupunktur og yoga. Felles for alt eg gjer er forståelsen av at kropp, pust og kjensler heng tett saman.

Eg er opptatt av genuin kontakt i terapirommet, og meiner at kvaliteten på menneskeleg kontakt er avgjerande for god helse. Gjennom ein tverrfagleg bakgrunn arbeider eg med å gi tilrettelagt og heilskapleg behandling med god oppfølging – med mål om endring og utvikling både fysisk, mentalt og emosjonelt. Eit viktig fundament i arbeidet mitt er vegetoterapi og orgonomisk kroppsforståelse, utvikla av den austerrikske legen og psykoanalytikaren Wilhelm Reich. Denne tradisjonen tek utgangspunkt i at følelsar og livserfaringar ikkje berre finst i tankane våre, men også kjem til uttrykk i kroppen – i pust, muskelspenningar og måten vi held oss på.

Gjennom livet utviklar vi mønstre i kroppen som ein måte å beskytte oss på. Desse mønstra er nyttige, men kan óg bli til kroniske spenningar og blokkeringar som gjer det vanskeleg å kjenne seg fri, levande eller i kontakt med eigne kjensler. Vi regulerer ofte vanskelege kjensler gjennom pust og muskulatur. Ei friare pust kan gi ei djupare oppleving av fridom og kontakt med oss sjølve, og føre oss nærare eit liv der vi kan vise oss slik vi faktisk er.


Private behandlinger

Massasje · Akupunktur · Yoga

Massasjeterapi

Eg har over 30 års erfaring som massasjeterapeut. Gjennom eit roleg og nærverande møte arbeider eg for å skape tryggleik i relasjonen – noko som gir eit godt utgangspunkt for å arbeide i djupt.

Eg er spesielt oppteken av dei bakenforliggande årsakene til spenningsrelaterte plager. Uforløyste konfliktar og belastningar kan sette seg i kroppen som spenningar og smerter. Å få ei utvida forståing av og innsikt i desse mønstra er ofte ein viktig føresetnad for utvikling i terapien.

Akupunktur

Eg har mi akupunkturutdanning frå Nordisk Akupunkturhøyskole, og kombinerer tradisjonell akupunktur, dry needling og kopping – avhengig av kva som er mest hensiktsmessig i den enkelte behandling.

I kinesisk medisin er ein særleg opptatt av Qi – livsenergien – og den frie sirkulasjonen av denne i kroppen. Ulike utfordringar vi møter i livet kan skape spenningsforhold i kropp og sinn som hemmar denne flyten. Under behandlinga kartlegg eg eventuelle ubalansar, som deretter blir behandla med metodane nemnt over.

For meir informasjon om akupunktur, sjå:

https://akupunktur.no/

Yoga

Eg er sertifisert yogalærar, og tok mi instruktørutdanning hos R. Alexander Medin i 2009. Eg underviser hovudsakleg  Ashtanga Yoga, både individuelt og i grupper, ved Vital Oslo og ved fleire bedrifter.


Behandling på arbeidsplassen

Massasje · Akupunktur · Ergonomisk rettleiing · Yoga

Ein god arbeidsdag krev ein kropp som får puste. Eg tilbyr massasje og akupunktur på arbeidsplassen – som halv eller heil dag – tilpassa verksemda sine behov og kvardag. Behandlingane verkar avspennande, smertelindrande og førebyggande, og kan bidra til mindre stress, betre konsentrasjon og auka trivsel blant tilsette.

Massasje på bedrift

Massasje kan tilpassast både kontorarbeid og fysisk krevande yrke med einsidig belastning. Behandlinga kan gjerast på benk eller stol, og krev lite tilrettelegging frå verksemda.

Akupunktur på bedrift

Akupunktur kan vere effektivt ved mellom anna:

• muskel- og skjelettplager

• spenningar i nakke, skuldrer og rygg

• hovudverk

• stress og uro

Behandlinga blir tilpassa kvar enkelt, og kan fint kombinerast med massasje.

Ergonomisk rettleiing

I tillegg tilbyr eg ergonomisk rettleiing, både individuelt og i mindre grupper. Her ser vi på:

• arbeidsstilling og belastning

• enkle justeringar av arbeidsplassen

• konkrete råd som kan førebyggje plager over tid

Yoga på arbeidsplassen – eit pusterom i kvardagen

Yoga tilrettelagt for bedrifter gir medarbeidarane eit rom for å lande, løyse opp spenningar og hente ny energi midt i arbeidsdagen. Øktene er enkle, jordnære og tilpassa alle nivå – uavhengig av erfaring, alder eller fysisk form.

Gjennom rolige bevegelsar, pust og merksemd får deltakarane betre kontakt med kroppen, meir ro i nervesystemet og auka konsentrasjon. Resultatet er mindre stress, større nærvær – og eit arbeidsmiljø som toler litt meir